12. mars 2009

Madelynn Coffee - God kaffi i Fosnavåg!

På tysdag hadde eg litt tid til overs i Fosnavåg, og som alltid var behovet for kaffi der...

Eg hadde høyrt rykter (lest i ei lokalavis) at det skulle være eit kaffebrenneri i Fosnavåg. Sist eg var der, fant eg det ikkje...
Så på tysdag fant eg veibeskriving på nett + at eg forhøyrte meg med ein lokalkjent bibliotekar!

Og det var verdt leitinga! Skikkelig god, nybrent kaffi og fersk bolle! Koseleg lokale, og hyggeleg betjening! Ein oase i Fosnavåg, kan ein vel kalle det?

At eg og fekk kjøpe med meg ein 1/2 kilo kaffibønner, var også eit pluss! Så no kan eg kverne kaffi og kose meg! Kjem du innom, får du kanskje ein kopp...

Moralen er: Skal du til Fosnavåg, bør du ta deg tid til å sjekke ut Madelynn espressobar & bakeri!

ps: Bilete er tatt med min alt for dårlige mobil, så det er jo ikkje spesielt vakkert...

0 Komentarar:

 
Blogglisten